21. feb. 2009

Kvifor widescreen og ikkje breiskjerm?

Det er spørsmålet som svirrar rundt i hovudet mitt etter med ein utsending frå Målungdommen på KVV 5/2-09. Målungdommen arbeider for at all ungdom skal ynskje å velje nynorsk som skriftmål. Dei arbeider for at dialektar og nynorsk normaltale skal verte aksepterte og nytta meir. Dei ynskjer at folk skal ta stilling til målstriden sjølv og ikkje overlata framtida til ”utviklinga”, bokmålsveldet eller staten. At språket vårt blir påverka av utanlandske ord har vi lenge visst. Men har tankane bak det nokon gong streifa deg?

I dagens media samfunn, der vi heile tida blir påverka gjennom titals fjernsynskanalar, radio, filmar og SMS språk, er det lett å kome bort frå det opphavlege språket vårt. Både tale og skrift språk forandrar seg, og vi får stadig nye ord som vi ”medvitslaust” tek i bruk. Eksempel på dette er widescreen i staden for breiskjerm, men vi seier breiband og ikkje broadband. Vi seier heller ikkje broadcasting, men kringkasting. Andre dømer, vi seier skjerm og ikkje screen, men vi seier widescreen og ikkje breiskjerm.

Språket er viktig for identiteten vår. For at vi skal klare å halde på nynorsken, meinar eg at det er både nyttig og viktig at det finst ein organisasjon som Målungdommen som kan gjere oss meir bevisste på å bruke dialekta vår og å skrive nynorsk.

- Sigrid

[Legger ut artikkelen, siden det ikke gikk å forstørre bildet av artikkelen]

4 kommentarer:

Silja sa...

Du e så søt Sigrid:D

Anonym sa...

Du e så flink!! :-) bare 5 daga me skule nå, så eda ferie ;-)

Malene sa...

nice one ;) Ver bevisst, skriv nynorsk! ;D

Anonym sa...

Du e så BeSt!
<3 Ida :)